Henrikstova

 

Henrikstova ligg idyllisk til i Vikja på Barmøy, med det kjende Stadhavet som næraste nabo. Vi tilbyr innkvartering av høg kvalitet og god oppfølgjing av gjestene våre. Frå Henrikstova er det kort veg til både natur og hav. Nærområdet er mykje nytta til fiske og fotturar.

 

Henrikstova ligg på eit koseleg gardsbruk med mjølkeprodukjon, og gjestene vil kunne oppleve litt av gardslivet om ein ynskjer det. Det er kort veg til sjøen og det er difor ideelt å drive med aktivitetar som fiske og dykking. Henrikstova har ein triveleg hage, trygge leikeområde, gratis parkeringsområde, grillmoglegheiter og strandområde. Henrikstova eignar seg difor spesielt godt for bornefamiliar. Den korte avstanden til eit fiskerikt hav, gjer Henrikstova også utmerkt som utgangspunkt for fiskeferie.

 

Henrikstova ligg berre ein halvtime frå Måløy og omlag 100 km frå Ålesund og Førde.

 

Henrikstova er eit godt val for ein ferie rik på naturopplevingar. Velkomne til oss!

 

Beste helsing vertskapet, Norunn og Ingmar.

 

Fantastisk gode fiskeplassar ligg og ventar rett ved Henrikstova. Som gjest ved Henrikstova kan ein leige båt til gunstige prisar.

Henrikstova (gult hus til venstre) ligg fint til i Vikja, omkransa av grøne enger rett ved Stadhavet.

Henrikstova © 2017

Webutforming: fjellar.no